Land-Art

Hensikt

I denne aktiviteten samarbeider barna om å skape ein figur av naturmateriale. Ved at den vaksne gjev instruksjonar om kva dei skal hente, kor mange dei skal hente og kvar dei skal plassere dei ulike materiala, lærar barna matematiske omgrep medan dei er fysisk aktive.

Forklaring

Ei gruppe på 2-3 barn får i oppgåve å samarbeide om å lage ein figur av naturmateriale.

  1. Barna får instruks om å hente t.d. ein kort, ein mellom og ein lang pinne.
  2. Deretter får barna beskjed om kvar dei skal leggje pinnane, t.d. den korte pinnen skal ligge fremst og den lengste pinnen skal liggje bak, den mellomste pinnen skal liggje…
  3. Slik fortset aktiviteten, der barna får beskjed om å hente ulikt naturmateriale og leggje det på plass.
  4. Når figuren er ferdig, blir det artig å sjå resultatet.

Variasjon

  • Den vaksne bestemmer vanskegrada og styrer progresjonen på aktiviteten gjennom instruksjonane som blir gitt.
  • Ein kan variere aktiviteten ved å veksle på korleis barna forflyttar seg når dei skal hente gjenstandar.

Utstyr

Krev lause naturgjenstandar

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet