Sansemotorisk leik

Hensikt

I sansemotorisk leik øver barna på å bruke sansane, romorientering, motoriske ferdigheiter og samarbeid.

Forklaring

  1. To og to barn samarbeider.
  2. Den eine har bind for auga, den andre skal føre den «blinde» til ein bestemt stad der han/ho skal kjenne på noko, t.d. eit tre, ei stor rot, ein stor stein eller liknande.
  3. Dei går så tilbake til utgangspunktet, der den «blinde» tek av seg bindet for auga og skal prøve å finne tilbake til det han/ho kjende på.
  4. Byt om på rollene.

Tips

  • Leiken kan gjennomførast både inne og ute, men skal ikkje føregåi høg fart eller i område med bratte skrentar eller andre farar.
  • Barnet som ikkje har bind for auga kan guida det andre barnet ved å seie «varmare» eller «kaldare», avhengig av i kva retning barnet bevegar seg i forhold til det som skal bli funne.

Utstyr

Bind for auga, t.d. skjerf, panneband eller hue

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet