Trillebår

Hensikt

Gjennom denne aktiviteten får barna øve på å styrkje og stabilisere kroppen, noko som er viktig under alle formar for aktivitet.

Forklaring

  1. Eit av barna held beina til den som er trillebår, medan den som går på armane må stabilisere kroppen på rette armar. Hugs å fokusere på korrekt hofteposisjon, som er kjenneteikna ved ein krum nedst i korsryggen (ikkje svai).
  2. Begynn med å gå framover og bakover og hald rundt knea, ikkje anklane til den som er trillebår.
  3. Flytt grepet lenger bak etter kvart som barna meistrar hofterørsla.

Tips

  • Bygg opp øvinga progressivt med korte intervall i starten.
  • Varier underlaget, aktiviteten er krevjande for handledd og hender, så mjukt underlag og god oppvarming er føremålstenleg.

Variasjon

  • Når hoftekontrollen er god, kan barna som er trillebår helse på kvarandre og gjere «high five» når dei møtast.
  • Gå i oppoverbakke, nedoverbakke, framlengs, baklengs, sidelengs osb.
  • For vidarekomne kan den som er trillebår klemme beina sine rundt livet på makkeren og halde kroppen oppe utan at makkeren held i beina.

Utstyr

Ingen krav til utstyr.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet