På denne ressurssida finn du korte tekstar og videoar knytt til ulike typar fysisk aktiv leik, tilrettelegging for fysisk aktivitet, motorisk utvikling og korleis ulike typar fysisk aktivitet påverkar barn si utvikling.
Lanseringswebinar
Aktiv i barnehagen vart lansert 30. september 2022. Her kan du sjå sendinga i si heilheit. I tillegg finn du enkeltvideoar med dei faglege innlegga og erfaringar frå samarbeid med Groruddalen og Årdal.
Ulike typar fysisk aktivitet
Her finn du ei beskriving av ulike typar fysisk aktiv leik som har ulike kvalitetar ved seg. Dei fire typane av fysisk aktivitet som er beskrive, er sjølvsagt vevde saman og ofte har aktivitetane både moderat til høg intensitet, er motorisk utfordrande og kognitivt engasjerande på same tid.
Tilrettelegging for fysisk aktivitet
Undervisningsprinsipp handlar om korleis me kan legge til rette for god fysisk aktivitet. Dette kan vere i skulen, til dømes i kroppsøving, i barnehagen, i idretten, eller i andre situasjonar der me vil legge til rette for god aktivitet.
Motorisk utvikling og læring
Her finn du to videoar om barn si motoriske utvikling, ein film om barn i alderen 0-15 månader og ein for barn i alderen 1-6 år.
Rettleiarar for fysisk aktivitet
Her finn du nasjonale råd for fysisk aktivitet. Du finn òg grunnleggjande informasjon om fysisk aktivitet og motorisk utvikling, samt tips til korleis ein kan planleggje, tilretteleggje og evaluere arbeid med fysisk aktivitet i eigen barnehage.
Tips til fysisk aktivitet i barnehagekvardagen
Her finn du tips til korleis du kan flette inn fysisk aktivitet i ulike kvardagssituasjonar. Finn du nokre gode idear, er det berre å ta dei med deg inn i din barnehagekvardag!