Vår

Temperaturen stig og sola varmar. Det skjer endringar i naturen; det spirer og gror, me høyrer fuglane som kvitrar og små insekt vaknar til live. Våren er også tida for sansing og undring. Kva ser, luktar og høyrer me? Gå ut på tur og få vårlege erfaringar med naturen.

Her er tips til fysisk aktive leiker som kan koplast til temaet Vår.

Tips til fysisk aktive leikar

Fargetunell-stafett

Leik Fargetunell-stafett ute i naturen eller på eit uteområdet. Få barna til å hente blomster eller anna naturmateriale i ulike fargar.

Klesklype-moro

Bruk kort og klesklyper i våren sine fargar. Ta gjerne ein samtale med barna om kva ein finn om våren som har dei einskilde fargane.

Naturbingo

Lag til eit naturbingo som har nøkkelord om våren.

Utdrag frå Rammeplanen

«Barna skal få naturopplevingar og bli kjende med mangfaldet i naturen, og barnehagen skal bidra til at barna opplever tilhøyrsle til naturen» s. 11.

Frå fagområdet Natur, miljø og teknologi:

«Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider» s. 52.