Påske

Påsken er ei viktig høgtid innanfor den kristne kulturarven. Livet sin seier over døden er både påsken og våren sitt tema. I barnehagen feirar me livet og lagar ting i barnehagen som symboliserar liv. Egg er byrjinga på nytt liv og kyllingen har akkurat starta livet sitt. Gåsunger på trea er teikn på at trea fortsatt er i live. Karse gjev eit godt bilete på livet som spirar ut fra et frø. Saman med barna kan ein undre seg over påskebodskapet gjennom kyllingar, egg, karse og gåsungar.

Her er forslag på aktivitetar og leiker som ein kan koble til påsketemaet.

Utdrag frå Rammeplanen

«Barnehagen skal la barna få kjennskap til forteljingar, tradisjonar, verdiar og høgtider i ulike religionar og livssyn, og erfaringar med at kulturelle uttrykk har ein eigenverdi» s. 54.

«Gjennom arbeid med etikk, religion og filosofi skal personalet gi barna kjennskap til og markere merkedagar, høgtider og tradisjonar i den kristne kulturarven og andre religionar og livssyn som er representerte i barnehagen» s. 55.