Lanseringswebinar

Aktiv i barnehagen vart lansert 30. september 2022! Me opplevde dessverre nokre tekniske problem under sendinga, men har no klippa saman ein ny versjon som du kan sjå i si heilheit under, i tillegg finn du enkeltvideoar med dei faglege innlegga og erfaringar frå samarbeid med Groruddalen og Årdal lenger ned på sida.

Velkommen til lanseringswebinar!

(Me beklagar problem med lyden midtvegs i panelsamtalen)


Faglege innlegg og filmar:

Fysisk aktivitet i barnehagen v/Eivind Aadland

Professor ved HVL, Eivind Aadland, presenterar viktigheita av fysisk aktivitet i barnehagen og forskingsprosjektet ACTNOW (Active Learning Norwegian Preschool(er)s).

Bruk av verktøykassen v/Katrine N. Aadland

Forskar ved HVL, Katrine N. Aadland, viser bruk av Aktiv i barnehagen og går igjennom filtreringsfunksjonen og spanande ressursar utvikla for arbeid med fysisk aktivitet i barnehagen.

Erfaringar frå og samarbeid med Groruddalen v/Julie Dønnestad

Bydel Grorud har vert ein sentral bidragsytar i utvikling og finansiering av Aktiv i barnehagen. Julie Dønnestad, prosjektleiar for folkehelseprosjektet i bydel Grorud, fortel om deira rolle i utviklinga av Aktiv i barnehagen og delar erfaringar med bruk av dei ulike ressursane.

Erfaringar frå og samarbeid med Årdal v/Jannicke Ø. Nundal og Anne Mette Nytun

To pedagogar fra Årdal kommune, Jannicke Ø. Nundal og Anne Mette Nytun, har tatt med ei barnegruppe ut for å vere fysisk aktive og fortel samstundes om deira erfaringar med både utvikling og bruk av Aktiv i barnehagen.