Haust

Hausten er ei fargerik årstid og har gjerne eit varierande vêr med sol, regn og vind. Hausten er óg tida for frukt og bær. Ta med barna ut og la dei nytte sansane sine. Kva ser og høyrer me? La barna kjenne på vind og regn og la dei studere fargane om hausten. Undre dykk saman og snakk om det de erfarer og kva de veit om årstida haust.

Her er forslag på aktivitetar og leikar som ein kan kople til temaet Haust.

Tips til fysisk aktive leikar

Nordavind og sønnavind

La barna få vere den kalde nordavinden og den varme sønnavinden.

Lyn- torden- regn

I denne aktiviteten får barna vere meteorolog og får melde ulike vêrtypar. Ein må gjerne byte ut lyn, torden og regn med andre vêrtypar.

Ta opp poteter

Å ta opp poteter høyrer hausten til. Her får barna leike at dei er bønder som tek opp poteter.

Land-art

Bruk Land-art til å studere naturen om hausten. Få t.d. barna til å hente blader i ulike fargar eller anna som kjenneteikner hausten. Aktiviteten er eit godt utgangspunkt for refleksjon og undring i barnegruppa knytt til naturen om hausten.

Spring og hent

La barna springe å hente bilder eller konkreter som de knyt til temaet haust.

Lotto i ulendt terreng

Bruk ein lottovariant med biltete som kjenneteikner hausten. Ved å leike i naturen får barna oppleve kva som skjer i naturen om hausten.

Naturbingo

Leik Naturbingo der ein nytter nøkkelord frå temaet haust.

Fargetunell-stafett

Bruk Fargetunnell-stafett der ein får barna til å hente gjenstandar som har fargane til hausten. Leiken passar godt å leike ute der ein kan hente naturmateriale i hausten sine fargar.

Kortstokkstafett

I stedet for vanleg kortstokk kan ein nytte kort knytt til hausten, anten som nøkkelord eller fargekort.

Fruktsalat

Lek leiken Fruktsalat der barna er hausten sine frukter.

Nøkken kjem

I staden for å leike Nøkken kjem med tau, kan de studere bekken og prøve å hoppe over (om det er smalt nok).

Utdrag frå Rammeplanen

Frå fagområdet Natur, miljø og teknologi:

«Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider» s. 52.

«Personalet skal leggje til rette for mangfaldige naturopplevingar og bruke naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring» s. 52.

Bingo og lotto

Bingo- og lottokort har mange bruksområde, for eksempel kan dei bli brukt til å øve på nøkkelord knytt til ulike tematikkar som du arbeidar med i barnehagen.

Aktuelle lenkjer

Fantasifantasten | Inspirasjon til alle som jobber med barn

Dikt | «Høsten er en liten gul mann» av Arild Nyquist