Brannvern

Det er viktig at barn får kjennskap til, og har gode haldningar knytt til brannvern. Alle barnehagar skal gjennomføre brannøvingar, men korleis og kor ofte ein organiserer dette varierer frå barnehage til barnehage.

Her er nokre forslag til aktivitetar og leikar ein kan nytte når ein arbeider med tema Brannvern.

Tips til fysisk aktive leikar

Vil du køyre buss?

Ved å byte ut bussane med brannbilar og buss-stoppa med brannstasjonar og ulike stadar det brenn (t.d. illustrert med laminerte flammar) får barna leike brannkonstablar.

Krysse bruer

La ei løype med ulike hinder som barna skal krype under på ulike måtar. Fortel ei historie om at de er i eit rom med røyk. Barna skal kome seg så raskt som råd ut av rommet ved å krype under hindera på ulike måtar.

Kims leik

Bruk Kims leik med konkret frå branntema (t.d. brannbil, brannkonstabel, røykvarslar). De ulike konkreta kan anten vere knytt til ei rørsle, eller barna kan springe rundt på uteområdet for å leite etter det konkretet som er tatt vekk (t.d. illustrert ved laminerte kort).

Fargetunell-stafett

Ved å byte ut at ein skal hente gjenstandar av ulike fargar, kan ein hente konkreta eller bileter knytt til tema Brannvern.

Lotto i ulendt terreng

Spel lotto i ulendt terreng og øv på nøkkelord som omhandlar brannvern.

Naturbingo

Spel bingo i naturen og øv på nøkkelord som omhandlar brannvern.

Utdrag frå Rammeplanen

Frå fagområde Nærmiljø og Samfunn:

«Barnehagen skal bidra til kunnskap om og erfaring med lokale tradisjonar, samfunnsinstitusjonar og yrke, slik ar barna kan oppleve tilhøyrsle til nærmiljøet» s. 55-56.

«Personalet skal sørgje for at barna erfarer at vala og handlingane deira kan påverke situasjonen både for dei sjølve og for andre» s. 57.

Bingo og lotto

Bingo- og lottokort har mange bruksområde, for eksempel kan dei bli brukt til å øve på nøkkelord knytt til ulike tematikkar som du arbeidar med i barnehagen.

Aktuelle lenkjer

Brannbamsen Bjørnis | For barnehager