Tips til fysisk aktivitet i barnehagekvardagen

Overgangssituasjonar i barnehagen

I en barnehagekvardag er det mange ulike overgangssituasjonar. Her finn du tips til korleis du kan flette inn fysisk aktivitet i ulike kvardagssituasjonar. Finn du nokre gode idear, er det berre å ta dei med deg inn i din barnehagekvardag!

RYDDING

  • Ryddemusikk: Sett på musikk. Når musikken spelar skal barna rydde og når musikken stoppar (den vaksne stoppar) skal barna «fryse». Start og stopp musikken til alt er rydda.
  • Ryddeterning: Trill terningen, viser terningen 3 skal alle barna rydde tre ting kvar og samlast ved terningen igjen. Slik fortset leiken til alt er rydda. Denne leiken fungerer godt ute.
  • Ryddemotorikk: Kvar leike er knytt til ein motorisk ferdigheit. T.d. når ein ryddar bilar skal ein krype, når ein ryddar klossar skal ein hoppe og når ein ryddar fargeblyantar skal ein danse. La gjerne barna kome med forslag til aktivitetar.
  • Ryddestafett ute: Del barna i ulike lag og gje kvart lag i oppgåve å rydde ein bestemt kategori med leiker. T.d. eit lag tek bøtter, eit anna lag tek spader og eit tredje tek syklar. Kva for lag blir først ferdig? Hugs at barna må sortere tinga på rett plass.

VEKAS eller DAGENS AKTIVITET

  • Kvar veke/dag kan ein ha fokus på ein spesiell motorisk ferdigheit som ein bruker i ulike overgangssituasjonar og i leiker og aktiviteter elles i løpet av dagen. Viss til dømes vekas aktivitet er å hoppe, kan barna (og dei vaksne) hoppe på ulike måter når dei forflyttar seg. Til dømes kan barna hoppe frå garderoben og inn til bordet når dei skal ete. Andre aktivitetar som kan nyttast er å krype, gå baklengs, gå sidelengs, gå musesteg (hæl inntil tå) og så vidare.

GARDEROBESAMLING/SAMLING

Start eller legg inn fysisk aktivitet i samlingsstunda. I verktøykassa finn du tips til aktivitetar som kan passe i garderoben eller på avdelinga om du filtrerar/hukar av på «Liten plass».

  • For å komme godt i gang med barnehagedagen kan det være fint med ein liten morgontrim. T.d. ei kort danseøkt, litt minirøris eller anna som passar på avdeling. For mange barn er det lettare å konsentra seg og arbeide med ulike bordaktivitetar etter at dei har vore i fysisk aktivitet.

PRAKTISKE OPPGÅVER:

  • Mjølketransport: Får de levert mjølka av «mjølkebilen»? I staden for at mjølka skal fraktast av dei vaksne frå mjølkebilen til kjøleskåpet, kan barna frakte mjølka. Det syns barna er stas! Her er nokre tips til korleis:
    • La barna sykle mjølka inn med sykkelhengar
    • La barna bære mjølka inn
    • La barna dra mjølka på akebrett
    • Mjølkestafett: Del barna inn i lag. Det fyrste barnet på laget spring inn med ei mjølk, spring så attende til laget sitt og vekslar med neste barn i rekkja som så fraktar den neste mjølka. Leiken fortset til all mjølka er i kjøleskåpet.
  • Kaste søppel: La barna kaste søppelet saman med ein vaksen. Her er eit par tips til korleis:
    • La barna sykle søppelposar til containeren
    • La barna bære søppelet i par til containeren
  • Tilretteleggjing av fysisk aktivitet: La barna vere med å førebu og leggje til rette for fysisk aktivitet. La til dømes barna hente utstyr frå boden til å lage ei hinderløype.

Det fysiske rommet inne

Leiker og materiell inne innbyr til fysiske aktivitet. Her er forslag til materiell og aktivitetar som passar inne på avdeling:

  • Teip på golvet: t.d. som ulike banar å balansera på, paradis, ulike bilete av hender og føter som barna skal følgje, tal og bokstavar
  • Plansjar med bilete av aktivitetar
  • Plansjar med yogaøvingar
  • Ballbanar/ røyr
  • Lage blinkar til å kaste på samen med barna (kaste mjuke ballar eller erteposar)
  • Terningar, t.d. ein med tal og ein med dyr som barna skal herme etter. Får barna fem på den eine terningen og frosk på den andre, skal barna ta fem froskehopp
  • Store kassar, esker eller klossar til å byggje og leike med
  • Mange barnehagar har puter og ulikt utstyr som ligg i ei bod. Er det mogleg at noko av dette utstyret kan få eit rom, en gang eller ein krok på avdelinga slik at det kan bli brukt av barna når dei ynskjer? Her kan det være viktig å ha klare reglar for kva som er lov og ikkje, og kva for lydnivå som aksepterast.

På tur

  • Matpakkegøymsel: Barn likar å leike gøymsel. Ein variant av gøymsel er å gøyme matpakka til barna. Når det er tid for lunsj må alle barna leite fram sin eigen matpakke. Viss barna finn matpakka til nokon andre, må dei late som ingenting og fortsette å leite til dei finn sin egen. Om matpakkane smørast i barnehagen før tur, kan dei merkast med namn. Då får barna óg trening i «å lese» sitt eige namn.
  • Tur med motoriske utfordringar: Dersom turen går i eit område med ingen/lite trafikk kan ein gjere turen ekstra spennande med å leggje inn ulike hinder og oppgåver undervegs. Er det ein liten mur barna kan balansera på? Kan barna klatre over ein benk? Kan barna gjere forskjellige motoriske øvingar mellom lyktestolpane? T.d. springe så raskt dei kan frå ein lyktestolpe til den neste. Barna må gjerne vere med å kome med forslag.