Barn i andre land

Når de arbeider med temaet Barn i andre land kan de til dømes leggje vekt på leikar der barna lærer om ulike land, levemåtar, dyr og musikk.

Her finn de forslag til aktivitetar og leikar som kan integrerast i tema Barn i andre land.

Tips til fysisk aktive leikar

Togturen

Ta toget eller fly til dei landa eller verdsdelane de arbeider med. Sjå etter dyr som bur i landet/verdsdelen og imitér rørslemønsteret deira.

Reiseleiaren

Fortel ei historie der de er på reise i ulike som de arbeider med. Flett inn nøkkelord og rørsler i historia.

Vil du køyre buss?

Lag til eit leikeområde som illustrerar ulike land/verdsdelar t.d. ved å konkret i ulike rockeringar. Nokre barn er fly som skal frakte dei andre barna frå stad til stad. Barna som er passasjerar må gjerne seie kvar dei vil reise.

Skoball

Skoball er ein afrikansk leik.

Dans og rørsler til musikk

I Rørsler til musikk kan ein nytte musikk frå ulike land. Ein kan óg gje barna instruksjonar om å fryse som ulike dyr.

Springande villsvin

Ein kan byte ut villsvin med andre dyr som ein arbeider med knytt til tema.

Dyresisten

I Dyresisten kan ein vere dyr frå ulike land.

Nappe hale

I Leiken Nappe hale kan barna vere dyr frå ulike land som nappar halar av kvarandre.

Fruktsalat

I Fruktsalat kan barna vere frukt frå ulike land.

Utdrag frå Rammeplanen

“Barnehagen skal fremje respekt for menneskeverdet ved å synleggjere, verdsetje og fremje mangfald og gjensidig respekt. Barna skal få oppleve at det finst mange måtar å tenkje, handle og leve på. Samtidig skal barnehagen gi felles erfaringar og synleggjere verdien av fellesskap. Barnehagen skal vise korleis alle kan lære av kvarandre, og fremje nysgjerrigheit og undring over likskapar og forskjellar” s. 9.

Frå fagområdet Etikk, religion og filosofi:

“Barnehagen skal la barna få kjennskap til forteljingar, tradisjonar, verdiar og høgtider i ulike religionar og livssyn, og erfaringar med at kulturelle uttrykk har ein eigenverdi. Barnehagen skal skape interesse for mangfaldet i samfunnet og forståing for livsverda og levesettet til andre menneske” s. 54.

“Personalet skal bidra til å utvikle barnas toleranse, interesse og respekt for kvarandre og for menneske med ulik kulturell, religiøs eller livssynsmessig tilhøyrsle” s. 55.