Ulike typar fysisk aktivitet

Her finn du ei beskriving av ulike typar fysisk aktiv leik som har ulike kvalitetar ved seg. Med god variasjon mellom ulike typar fysiske aktivitetar, kan en påverke barn si utvikling på mange områder, det vere seg barn si fysiske utvikling, barn si kognitive utvikling og læring, samt barn si sosio-emosjonelle utvikling. Dei fire typane av fysisk aktivitet som er beskrive under, er sjølvsagt vevde saman (sjå figuren under), og ofte har aktivitetane både moderat til høg intensitet, er motorisk utfordrande og kognitivt engasjerande på same tid. Tenk til dømes på Lenkjesisten i skogen. Her spring barna med høg intensitet, dei får motorisk utfordring gjennom å springe på ulendt terreng, samstundes må dei óg være kognitivt engasjert for å kunne fange eller unngå å bli fanga av andre barn. Under er det fire korte videosnuttar som beskriv dei fire ulike typane av fysisk aktivitet.

Moderat/høg intensiv leik

Aktivitetar av moderat til høg intensitet er aktivitetar som fører til ein vesentleg auke i barna sitt energiforbruk. Med andre ord er dette aktivitetar som fører til at barna blir andpustne, varme og slitne. Døme er aktivitetar/leikar som inneber grovmotoriske (forflytnings-) aktivitetar som springing, hopping og hinking. Aktivitetar som aukar energiforbruket, aukar energiomsetninga i musklane og krev meir næringsstoff og oksygen. Dette fører til ulike fysiologiske treningseffektar lokalt i musklane, i hjarte og respirasjonssystemet, i nervesystemet og i hjerna. Aktivitetane kan gjennomførast inne og ute, og organiserast på mange ulike måtar, med stor variasjon. Norske og internasjonale retningsliner tilrår at barnehagebarn får 60 minutt dagleg i moderat til høg intensitet.

Motorisk utfordrande aktivitet

Motorisk utfordrande aktivitetar er ulike aktivitetar som krev at barna må strekkje seg og konsentrere seg for å gjennomføre, og som slik medfører ei læring av nye og vanskelegare rørslemønster. Viktige motoriske ferdigheter er ulike grovmotoriske rørslemønster (som gjerne delast i tre område; forflytning, objektkontroll og balanse) i tillegg til koordinasjon og rytme. Aktivitetar som utfordrar forflytning er til dømes springing, hopping og hinking. Aktivitetar som utfordrar objektkontroll er kast, spark og mottak av til dømes ball, ertepose eller liknande. Aktivitetar som utfordrar balanse vil vere å gå på linje, stå på ein fot, hinke og liknande. Mange rørslemønster vil krevje god auge-hand og auge-fot koordinasjon, og dei ulike områda vil også overlappe i ulike samansette aktivitetar og leikar, som til dømes fotball. Læring av nye rørslemønster skjer gjennom at barna vert utfordra i ulike aktivitetar, anten ved auka vanskegrad i kjente rørslemønster eller gjennom å introduserast for nye rørslemønster. I motsetnad til for aktivitetar av moderat til høg intensitet, der intensitet og kvantitet (kor mykje) er viktig, er kvaliteten på rørslemønster som regel viktigare for å skape motoriske utfordringar.

Kognitiv engasjerande leik

Kognitiv engasjerande fysisk aktiv leik er leikar og aktivitetar som barna finn meiningsfulle og engasjerande, og er ofte komplekse å gjennomføre. Typiske døme er ulike typar av regelleikar, jage- og fangeleikar og lagspel der ein må handle etter reglar, samt med- og motspelarar. Slike aktivitetar krev at ein må hugse informasjon (reglar) og deretter handle basert på informasjon som ein tileignar seg undervegs, til dømes kva andre gjer, kvar dei forflyttar seg, og kva som er lurt å gjere for å nå målet, skåre eller fange nokon. Reglar kan varierast for å endre premissa for aktiviteten og dermed gjere han meir krevjande. Slike aktivitetar set krav til barna sin kognitive funksjon, inkludert det å hugse informasjon, gjere val, hemme planlagde rørsler, vere fleksibel og strategisk. Slik kan aktivitetane utfordre barna si sjølvregulering både knytt til fysiske handlingar og åtferd, planlegging og val, og tankar og følelsar, og såleis fremme både kognitiv og sosio-emosjonell sjølvregulering.

Fysisk aktiv læring

Fysisk aktiv læring er fysisk aktivitet kopla med andre fagområde i Rammeplanen. Målet med aktiviteten er tosidig, både å vere meir i aktivitet gjennom barnehagedagen utan å redusere anna innhald, og samtidig fremje læring gjennom ei kroppsleggjering og konkretisering av innhald og auka konsentrasjonsevne som følgje av auka fysisk stimulering. Slik er denne komponenten ein metode for leik og læring som kan nyttast i arbeidet med andre aktivitetar, til dømes kopla til språkutvikling, forståing av mengd, rom og form, eller naturkjennskap. Nokre aktivitetar kan føregå parallelt med anna læring (utan å vere integrert med læringsmålet), til dømes ved bruk av stafettar i kombinasjon med læring av ord/omgrep, der springing ikkje direkte er kopla til orda/omgrepa som skal lærast. Andre aktivitetar kan vere integrerte med andre læringsmål, som til dømes ved å forme bokstavar og tal med kroppen, hoppe eller hinke med eit spesifikt tal repetisjonar for å lære talrekkja, eller ved å måle og bevisstgjere mengd og rom ved bruk av kroppen. Fysisk aktiv læring kan vere ein god måte å gjere læring i barnehagen meir leikprega, meiningsfull og morosam.