Meg sjølv – kroppen min – kjensler

I barnehagen skal ein bidra til at barna blir kjende med seg sjølv og eigen kropp, og bli trygg på denne. Korleis ser eg ut? Kva kan eg gjere med kroppen min? Kva kan andre gjere med kroppen min? Barna skal bli trygge på eigne kjensler, forstå andre sine kjensler og kunne handle utifrå desse. Det skal vere rom for å snakke om og bli kjende med ulike familieformer.

Her er forslag til nokre aktivitetar og leikar frå verktøykassen som kan nyttast under tema Meg sjølv – kroppen min – kjensler.

Tips til fysisk aktive leikar

Frå lengst til kortast

I aktiviteten får barna blant anna bruke eigen kropp til å måle lengder. Kor høg er eg? Kor mange skritt er sandkassa?

Rulle ball

I Rulle ball får barna øve på ulike omgrep knytt til eigen kropp.

Rottefangaren

I Rottefangaren får barna øve på å tolke ulike ansiktsuttrykk og handle etter dei. Korleis ser ein ut når ein er blid? Korleis ser ein ut når ein er sint?

Klemmesisten

I Klemmesisten får barna kjenne på kjensler, blir betre kjent med kvarandre og kan óg kjenne på korleis hjartet arbeider når ein er i fysisk aktivitet.

Stafett

I ulike stafettar får barna kjenne på kva som skjer i kroppen når ein spring fort. Her kan de t.d. snakke om hjartet og få barna til å kjenne at hjartet slår fort. Kva skjer med pusten?

Leik med erteposar

Kva kan eg gjere med kroppen min?

Leik med avispapir

Kva kan eg gjere med kroppen min?

Familieleiken

I Familieleiken blir barna kjent med ulike familieformer.

Naturbingo

Lag ein naturbingo der de nytter nøkkelord frå tema om kroppen.

Utdrag frå Rammeplanen

“Barnehagen skal synleggjere eit mangfald i familieformer og sørgje for at alle barn får spegla familien sin i barnehagen” s. 10.

“Gjennom den daglege og nære kontakten med barna er barnehagen i ein sentral posisjon til å kunne observere og ta imot informasjon om omsorgs og livssituasjonen til barna. Personalet skal ha eit bevisst forhold til at barn kan vere utsette for omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep, og dei skal vite korleis dei kan førebyggje og oppdage dette” s. 11.

Frå fagområdet Kropp, rørsle, mat og helse:

“Barna skal inkluderast i aktivitetar der dei får bevege seg, leike og samhandle med andre og oppleve motivasjon og meistring ut frå eigne føresetnader. Barnehagen skal bidra til at barna blir kjende med kroppen sin og blir bevisste på sine eigne og andre sine grenser” s. 49.

“Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna blir trygge på eigen kropp, får ei positiv oppfatning av seg sjølve og blir kjende med sine eigne kjensler” s. 49.