Tilrettelegging for fysisk aktivitet

Undervisningsprinsipp handlar om korleis me kan legge til rette for god fysisk aktivitet. Dette kan vere i skulen, til dømes i kroppsøving, i barnehagen, i idretten, eller i andre situasjonar der me vil legge til rette for god aktivitet.

Webinaret tek utgangspunkt i 8 undervisningsprinsipp, og ein hugseregel for desse prinsippa er akronymet KAMPVISE, som er basert på fyrste bokstav i alle prinsippa. KAMPVISE står for; konkretisering, aktivisering, motivering, progresjon, variasjon, individualisering, sosialisering og evaluering.

Webinaret kan gjerne stoppast undervegs for å reflektere og rette innhaldet til eigen praksis. Korleis kan du/de bruke desse undervisningsprinsippa når du/de tilrettelegg for fysisk aktivitet?

Webinar om undervisningsprinsipp