Karneval

Karneval er ein festdag i barnehagen. I dei fleste barnehagar er det utkledning, dans og drama som er i hovudfokus. Ein kan arbeide med temaet over ein lengre periode og slik bli kjent med ulike dyr, yrker, karakterar, eventyr og liknande. Utforming av kostymer, instrument eller kanskje nokre bowlingkjegler (pynta plastflaster) er kjekke aktivitetar.

Her er forslag til aktivitetar og leikar som passar til blant anna ulike karakterar (som t.d. troll, heks, politi, supermann), og som motiverer til fysisk aktivitet.

Tips til fysisk aktive leikar

Dans og frys

La barna bevege seg i kostymer til musikk.

Kven er borte?

Her kan ein utvide leiken og i tillegg til å spørje kven som er borte, kan ein spørje kva han/ho var kledd ut som.

Hinderløype

La barna utfordre seg i ei hinderløype med kostyme på.

Utdrag frå Rammeplanen

Frå Fagområdet Etikk, religion og filosofi:

«Barnehagen skal la barna få kjennskap til forteljingar, tradisjonar, verdiar og høgtider i ulike religionar og livssyn, og erfaringar med at kulturelle uttrykk har ein eigenverd» s. 54.

«Personalet skal gi barna kjennskap til og markere merkedagar, høgtider og tradisjonar i den kristne kulturarven og andre religionar og livssyn som er representerte i barnehagen» s. 55.