Nasjonaldagen 17. mai

Snakk med barna om kvifor me feirar 17. mai. Kvifor trur barna me feirer 17. mai? Bli kjend med ulike tradisjonar knytt til 17. mai. Undre saman om det norske flagget, form og farge.

Her finn du forslag til fysisk aktive leikar ein ofte koblar til 17. mai, i tillegg til andre aktivitetar og leikar som kan passa.

Tips til fysisk aktive leikar

Sekkeløp

Tradisjonsrik 17. mai-leik. Bruk t.d. søppelsekkar og la barna hoppe frå eit område til eit anna. Kan organiserast som ein stafett.

Potet på skei

Tradisjonsrik 17. mai-leik. La barna få prøve åleine eller i en stafett.

Tautrekking

Tradisjonsrik 17.mai-leik. Del gruppa inn i to lag som forsøker å dra tauet til si side.

Ballstasjonar

Kast ball på t.d. blikkboksar.

Naturbingo

Lag ein 17. mai natursti/bingo, beståande av bilete knytt til 17. mai. Heng opp bileta rundt omkring og la barna prøve å finne flest mogleg.

Utdrag frå Rammeplanen

«Barnehagen skal bidra til at barna får forståing for og slutter opp om demokratiske verdiar og normar som ligg til grunn for det samfunnet me har i dag» s. 9.

Frå fagområdet Etikk, religion og filosofi:

«Personalet skal gje barna kjennskap til og markere merkedagar, høgtider og tradisjonar i den kristne kulturarva og andre religionar og livssyn som er representert i barnehagen» s. 55.

Fra Barnehageloven §2 Barnehagens innhold, 4 ledd: «Barnehagen skal formidle verdiar og kultur, gje rom for barns eigen kulturskaping og bidra til at alle barn får oppleve glede og meistring i eit sosialt og kulturelt fellesskap.»