Dyra om vinteren

Det er spennande å undre seg over kva som skjer med ulike dyr om vinteren. Nokre dyr ligg i hi og andre skiftar pels. Korleis skaffar dyra seg mat om vinteren? La barna utforske og danne seg nye erfaringar med naturen. Finn me insekt eller andre småkryp om vinteren?

Her er tips til ulike aktivitetar og leikar de kan bruke for å bli betre kjent med dyra om vinteren.

Tips til fysisk aktive leikar

Bjørnen sover- med ein vri

Leiken er kopla til at Bjørnen ligg i hi.

Slangejakt

Er det ein hoggorm?

Nappe hale

Leik leiken Nappe hale der barna er dyr som de snakkar om om vinteren.

Dyresisten

Her kan de vere ulike dyr som de snakkar om om vinteren.

Lotto i ulendt terreng

Underlaget vinterstid utfordrar motorikken til barna. Bruk gjerne ein lotto som er kopla til dyra de arbeider med om vinteren.

Stor fangar liten, og liten fangar stor

Bruk gjerne dyr som de arbeider med i temaet Dyra om vinteren.

Naturbingo

Lag eit naturbingo med dyr eller dyrespor om vinteren.

Henteterning med sorteringsstasjon

Lag til ein variant av henteterning der barna skal sortere dyr i ulike kategoriar.

Utdrag frå Rammeplanen

Frå fagområdet Natur, miljø og teknologi:

«Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider» s. 52.

«Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kunnskap om dyr og dyreliv» s. 52.

«Personalet skal leggje til rette for mangfaldige naturopplevingar og bruke naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring.»