Vinter

Det er den første kuldegraden eller det første snøfallet. Barna stormer ut for å sanse, kjenne på og erfare vintervêr. Kva kjenneteikner vinteren? Korleis kan me vite at det er vinter? Kva kan me gjere om vinteren? Undre dykk saman med barna. La barna leike, eksperimentere og erfare vinteren på ulike måtar. Vinteren gjev mange moglegheiter til å utfordre barna sin motorikk og vere i fysisk aktivitet.

Her er forslag til leiker og aktivitetar som passar godt når det er vinter, og til temaet Vinter.

Utdrag frå Rammeplanen

Frå fagområdet Natur, miljø og teknologi:

«Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider» s. 52.

«Personalet skal leggje til rette for mangfaldige naturopplevningar og bruke naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring» s. 52.

Aktuelle lenkjer

Undervisningstips | Vinter