Nytt liv: Blomster og bier

Temperaturen stig og sola varmar. Det skjer endringar i naturen der det spirer og gror, fuglane kvitrar og små insekt vaknar til live. Me kan sjå blomster i fine friske fargar og høyre bier som summar. Så frø saman med barna og studer utviklinga. Bli kjent med bia, humla og kvepsen. Kva gjer dei? Korleis kan me ta vare på desse insekta?

Her er forslag til aktivitetar og leikar som ein kan kople til temaet Nytt liv.

Tips til fysisk aktive leikar

Den flittige bie

Fortell gjerne at barna er bier som skal ut å samle nektar (erteposar).

Sola skin på

Kva treng blomster for vekse? Jo, lys! I denne variasjonen av leiken kan barna vere ulike typar blomster. Tre-fire barn er same art blomster og når sola skin på deira blomsterart skal dei reise seg opp og byte plass. Den som leiar leiken bestemmer blomsterart.

Å fylle eit kar med vatn

Kva treng blomster for å vekse? Jo, vatn! Her kan barna få i oppgåve å vanne «liksom blomster» som veks i karet dei skal fylle.

Utdrag frå Rammeplanen

«Barna skal få naturopplevingar og bli kjende med mangfaldet i naturen, og barnehagen skal bidra til at barna opplever tilhøyrsle til naturen» s. 11.

«Barna skal få undersøkje, oppdage og forstå samanhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt. Barna skal få bruke heile kroppen og alle sansar i læringsprosessane sine» s. 22.