Jul – Aktivitetskalender

Jula er ei spennande tid for små og store. Her finn du vår aktivitetskalender, som fungerer som ein julekalender. Bak lukene skjuler det seg 24 aktivitetar som i hovudsak passar til dei eldste barna, men yngre barn òg kan bli med ved tilpassingar. Du kan gjere aktivitetane meir relevante for jul ved å til dømes nytte julemusikk eller å endre tema i aktivitetane. Kalenderen tek utgangspunkt i ei forteljing om bestevenene Julie og Julian, som har lyst til å finne på éin aktivitet kvar dag fram mot julaftan.

Det kan vere lurt å sjekke om aktivitetane krev bruk av utstyr, dette er spesifisert for kvar aktivitet. Aktivitetskalenderen kan òg lastast ned og skrivast ut som 24 aktivitetskort, som til dømes kan hengast opp på avdelinga (Hugs å vel «skriv ut på begge sider»). Last ned aktivitetskalenderen her!

1. desember

Bestevenene Julie og Julian gleder seg veldig til jul, men synes det er litt kjedeleg å vente i 24 dagar på sjølvaste julaftan. Dei bestemmer seg difor for å finne på nye leikar kvar einaste dag fram til den store dagen. Synes du òg det er lenge å vente? Bli med Julie og Julian, og finn ut kva for ein leik som skjuler seg bak dagens luke i aktivitetskalenderen!

2. desember

Bak dagens luke skjuler det seg ein leik som Julian synes er gøy, men òg litt skummel. Julian er nemleg litt redd for eit dyr som begynner på «sssssss». «Det går fint Julian, eg skal passe på deg, og så er det jo berre ein leik», seier Julie. Opne luka og bli med på dagens leik!

3. desember

Det har begynt å bli kaldare ute, og Julie og Julian tenker tilbake til sol og sommar. Det får bestevenene til å ville leike ein veldig gøy leik, der sola har ein heilt spesiell rolle. Bli med og opne dagens aktivitetsluke!

4. desember

Noko av det kjekkaste Julie og Julian veit, er å herme etter kvarandre. I dag har bestevenene lyst til å leike ein leik der alt handlar om nettopp dette. Likar de å herme òg? Bli med på dagens leik!

5. desember

«Veit du at bjørnar kan sove i hi i eit halvt år?», spør Julie. «Oi, det var lenge», svarar Julian. Bjørnar er veldig spennande dyr, og i dag vil Julie og Julian gjere som bjørnen gjer store delar av vinterhalvåret. De skjønar kanskje kva for ein leik dei vil leike i dag?

6. desember

Julian finn ikkje nisselua sin. «Julie, har du sett den? Du pleier jo alltid å hugse kvar ting er», seier Julian. «Ja, det er enkelt, du la den jo i hylla di!», svarar Julie. Er de like gode til å hugse som Julie? Bli med og opne dagens luke!

7. desember

Julian hugsar ikkje alltid kvar lua si er, men han har alltid full kontroll på kven som er kome i barnehagen. Bak dagens luke skjuler det seg ein leik der nokon skal gøyme seg… Bli med og sjå om du er like oppmerksam som Julian!

8. desember

«Har du høyrd om det skumle monsteret som bur i elva?», spør Julie. «Nei», svarar Julian, og visste ikkje om han ville høyre så mykje meir om det heller. Julie ville likevel vise ein spennande leik som handla om dette monsteret… Bli med, om de tør!

9. desember

Julian var litt redd for forskjellige ting, også sjølv om tinga ikkje fantes i verkelegheita, slik som nøkken. «Kanskje du vil bli med på ein leik som ikkje er skummel, men man må vere veldig sterk», spør Julie. «Jaaa», svarer Julian. Bli med og sjå kva for ein leik som skjular seg bak dagens luke!

10. desember

Julie og Julian har begge lyst til å verte bønder ein dag, i alle fall vil dei gjerne besøke mange bondegardar. I så fall må dei mellom anna vere flinke til å hente egg, men det er ikkje alltid like lett når hønene ikkje vil gje ifrå seg egga… Bli med og opne dagens aktivitetsluke!

11. desember

«Julie, veit du kva bokstav namnet mitt byrjar på?», spør Julian. «Jaa, det er jo enkelt, namna våre er jo nesten heilt like og begge byrjar på J, U, L, I», svarar Julie. Dei to bestevenene ville no prøve å lage bokstavar med kroppane sine. Bli med og lag bokstavar eller andre former de òg!

12. desember

Julian held opp to fingre med den eine hånda og to fingre med den andre, og spør Julie: «Veit du kor mykje dette er?» «Hmm, ja det vert fire! Det er jo så mange år som du er», svarar Julie. Er det fleire som er gode med tall? Bli med og opne dagens luke i aktivitetskalenderen!

13. desember

Det var luciadagen, og Julie og Julian fekk høyre om Sankta Lucia som kom frå øya Sicilia, som ligg i eit stort hav ved Italia. «Kanskje me kan leike en leik som handlar om eit hav?», spør Julie. Opne dagens luke og sjå kva for ein leik som skjuler seg der!

14. desember

Julie og Julian gleda seg over at det berre var ti dagar igjen til jul. «Tenk når me kan springe fram og tilbake til juletreet og hente gåver», seier Julian. «Ja, det blir veldig gøy, eg er superrask», seier Julie. Er de like raske som Julie til å springe fram og tilbake? Bli med og opne dagens luke!

15. desember

Viss det er éin ting Julie og Julian verkeleg elskar å gjere, så er det å danse. Bak dagens luke skjuler det seg ein leik som handlar om å bevege seg til musikk, men plutseleg stoppar musikken og då er det viktig å vere kjapp… Bli med!

16. desember

«Veit du kva eg åt til frukost i dag?», spør Julie. «Hmm, kanskje ei skive?», svarar Julian. «Nei, eg åt noko som er hardt utanpå, men mjukt og kvitt og gult inni», seier Julie. Veit de kva Julie åt til frukost? Bak dagens luke skjuler det seg ein leik som handlar om dette. Bli med!

17. desember

På veg til barnehagen hadde Julie oppdaga noko spennande. Kvar gong bilen ho sat i kom til eit raudt lys, så måtte den stoppe. «Ja, det er ikkje lov å køyre vidare før det vert grønt lys», seier Julian. Er de flinke til å stoppe når det vert raudt lys? Bli med på dagens aktivitet!

18. desember

Julie og Julian såg eit lysglimt og høyrde eit stort brak. «Wææ, det lyna og tordna!», seier Julian. «Jaaa, me må halde oss inne no», seier Julie. Dei to bestevenene syns det var litt skummelt å høyre dei store braka, men det gjekk fort over og då fekk dei veldig lyst til å leike en leik som handla om nettopp lyn og torden. Bli med!

19. desember

«Julian, kor mange søsken har du?», spør Julie. «Eg har ein storebror og ei lillesøster», svarar Julian. «Ok, då har du to søsken og de er tre søsken til saman», seier Julie. Har de søsken? I dagens leik handlar det om familie og tal, bli med!

20. desember

No nærmar julaftan seg verkeleg, og Julie og Julian snakka om kva gåver dei ønska seg. «Eg vil ha ein kattepus!, seier Julie». «Oi, det kan bli skummelt, for eg ønsker meg ei mus!», seier Julian. Bli med og finn ut kva for ein leik som skjuler seg bak dagens luke!

21. desember

«Brrr, det var skikkeleg kaldt i dag», seier Julian. «Ja, mamma har fortalt det er nordavinden som har kome, og den er visst veldig kald», seier Julie. Bak dagens luke skjuler det seg ein leik der de må passe dykk for den kalde nordavinden, bli med!

22. desember

«Kva skal du ete på julaftan?», spør Julie. «Hmm, veit ikkje, men eg vil ha is», svarar Julian. «Jaa, eg òg, eller fruktsalat, nam!», seier Julie. Dagens leik handlar om nettopp fruktsalat, bli med og vel di favorittfrukt!

23. desember

«Julie, vent på meg!», roper Julian. Julie og Julian heldt på å kle på seg for å leike ute, men Julian finn ikkje den eine votten sin! I dagens leik skal de òg prøve å finne votter, bli med!

24. desember

Så var endeleg den store dagen her! Julie og Julian hadde kost seg skikkeleg denne morgonen, med julestrømpe og julefilmar. Ein av filmane handla om to ekorn som heitte «snitt og snapp», og det same heiter den siste leiken i aktivitetskalenderen. Bli med og opne den siste luka!