Insekt og småkryp om våren

Temperaturen stig og sola varmar. Det skjer endringar i naturen, der det spirer og gror, fuglane kvitrar og små insekt vaknar til live. Våren er óg tida for sansing og undring. Kva ser, luktar og høyrer me? Gå ut på tur og få vårlege erfaringar med naturen. Lyft på steinar, leit under bark og trestubbar, grav i jorda for å sjå etter meitemark eller studer ei maurtue. Det er kjekt å undre seg saman med barna om ulike småkryp og skape eit felles engasjement rundt insekt og småkryp.

Her er forslag til ulike aktivitetar og leiker knytt til insekt og småkryp i naturen.

Tips til fysisk aktive leikar

Mauren og barnålene

Ta turen til skogen og studér mauren. I aktiviteten Mauren og barnålene får barna leike flittige maur som samlar barnåler til maurtua si. I stedet for å bruke erteposar og rockeringar kan barna lage til eit område der ei samlar naturmateriale (t.d. pinnar, kongler el.) til si maurtue. Naturmaterialet kan t.d. samlast på eit sitjeunderlag i midten av leikeområdet før leiken startar.

Kims leik i naturen

Ein annan variant er å leike Kims leik i barnehagen der ein nytter konkreter knytt til insekt og småkryp.

Naturbingo

Lag ein naturbingo med bilete av insekt og småkryp de har snakka om.

Utdrag frå Rammeplanen

«Barna skal få naturopplevingar og bli kjende med mangfaldet i naturen, og barnehagen skal bidra til at barna opplever tilhøyrsle til naturen» s. 11.

«Barna skal få undersøkje, oppdage og forstå samanhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt. Barna skal få bruke heile kroppen og alle sansar i læringsprosessane sine» s. 22.