Hensikt
I Haien kjem skal barna «symje» rundt, før dei må springe med høg intensitet tilbake til «huset sitt» for å unngå å bli tatt av haien.
Forklaring
- Eitt barn er hai (evt. med ein vaksen) og står i ein rockering midt i leikeområdet.
- Dei andre barna fordeler seg i rockeringane (gjerne berre to i starten) som ligg i lik avstand frå midten.
- Barna får namn etter fargen på rockeringen dei står i, t.d. gul fisk, raud fisk e.l.
- Haien kallar ut fiskane som skal ut å symje.
- Fiskane som er kalla ut spring rundt haien til haien ropar: «Haien kjem!»
- No skal fiskane symje så raskt som råd heim til huset sitt, medan haien skal prøve å fange så mange fisk som mogleg.
- Dei fiskane som blir tatt er no haiar og stiller seg i rockeringen i midten av leikeområdet.
Variasjon
- Dersom ein ynskjer å arbeide med t.d. former, kan ein nytte ulike former som «heim» i staden for rockeringar. Då heiter fiskane det same som forma dei står i. Ein kan t.d. nytte hoppetau til å lage former eller teikne med kritt på bakken.
- Som progresjon i leiken kan ein leggje til fleire fiskeslag, samt auke avstanden som dei må springe for å komme heim.
- Som variasjon kan ein nytte ulike måtar å forflytte seg på, t.d. gå, hinke, krype, eller være ulike dyr.
Utstyr
Tre rockeringar med ulik farge