Mauren og barnålene

Hensikt

I denne aktiviteten skal barna arbeide i moderat til høg intensitet ved at dei er flittige maur som samlar barnåler.

Forklaring

  1. Legg ein rockering i midten av leikeområdet og fyll rockeringen med barnåler (erteposar eller anna).
  2. Barna (maurane) fordeler seg i to-fire rockeringar (maurtua til mauren) med lik avstand til midten.
  3. På signal skal alle maurane hente barnåler til sitt hus. Ein maur har berre lov å ta med seg ei barnål om gangen. Dei må springe mange gonger fram og tilbake for å hente barnålene.
  4. Når det er tomt med barnåler, tel ein opp kor mange barnåler kvar maurtue har samla.
  5. Leiken fortset med at maurane skal leggje barnålene tilbake i rockeringen i midten. Når maurane ikkje har fleire barnåler i maurtua si, er leiken slutt.

Tips

  • Når barna skal lære leiken kan det vere greitt å starte med berre to maurtuer. Det kan vere vanskeleg for barna å forstå at dei berre skal ta med seg ei barnål, så det er kanskje lurt å ta eit par rundar berre for å øve før ein startar leiken.

Variasjon

  • For å auke intensiteten i leiken kan ein auke avstanden som mauren skal springe.
  • Ein kan variere leiken ved at maurane skal forflytte seg på ulike måtar (springe, gå, hinke, hoppe, krype).

Utstyr

Rockeringar
Erteposar (evt. kongler, steinar eller anna)

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet