Hensikt
I leiken Nappe hale er barna aktive i moderat til høg intensitet når dei prøvar å nappe halar frå andre barn, samstundes som dei prøver å halde på sine eigne halar.
Forklaring
- Alle barna får ein hale kvar som dei festar i bukselinningen bak på ryggen.
- På signal skal barna prøve å få tak i dei andre barna sin hale.
- Dersom eit barn greier å nappe ein hale frå eit anna barn, fester barnet halen bak i bukselinningen. No har barnet to halar å beskytte.
- Etter ei stund stoppar den vaksne leiken, og ein tel opp kor mange halar kvart barn har. Det barnet som har flest halar vinn.
Tips
- Dersom ein leikar leiken ute og barna har dress, kan ein feste halane bak i nakken på dressen (det same gjeld inne dersom barna har på kjole eller buksedressar).
- Barna vil mest sannsynleg trenge hjelp til å feste halane på plass, så dei vaksne må vere observante.
Variasjon
- Ein variasjon av leiken kan vere at ein skal halde halane ein nappar i handa, men om ein mister halen ein har festa i bukselinningen, må ein feste ein av dei ein har i handa bak i linningen igjen.
- Ein annan variasjon av leiken kan vere at alle barna utanom eitt barn startar med hale i bukselinningen. No er det berre barnet utan hale som kan nappe hale. Det barnet som det blir nappa hale ifrå, er no det barnet som kan nappe seg ein ny hale. For å gjere denne leiken litt vanskelegare kan det vere fleire barn som startar utan hale og som kan nappe halar.
Utstyr
Halar (merkeband eller vestar)