Hensikt
I Lag ein sti er barna engasjerte i kreativ konstruksjonsleik, der dei samarbeider om å byggje ein motorisk utfordrande sti av lausmateriale på uteområdet. Ved å la barna leike i løypa utfordrar dei eigen kroppskontroll. Leiken kan også utvidast til å handle om materiale, former, lengde og preposisjonar blant anna.
Forklaring
- Be barna samla saman lausmateriale for å lage ein samanhengande sti med start og slutt. Dei kan gjerne jobbe saman i grupper, der kvar gruppe lagar kvar sin sti. Stien kan gå rett fram, den kan bukte seg, den kan gå i ring, eller den kan ligga på ein annan spennande måte. Nokre stiar kan være lange, medan andre kan være kortare. Her er det rom for barna sine kreative løysingar.
- Når stiane er ferdige, kan barna prøve å gå på dei ulike stiane.
- Etter kvart kan barna bli utfordra på å forsere stien på ulike måtar som til dømes å gå, krype, gå baklengs og åle seg.
Variasjon
- Dei ulike stiane kan vere utgangspunkt for refleksjonsspørsmål, til dømes: kva for ein sti er lengst, kva for ein sti er kortast, korleis kan me måle kor lang stien er?
- Ein kan får barna til óg snakke om løypa dei har bygd, og kva skal ein gjere på dei ulike «hindera»? Her må barna blant anna bruke preposisjonar som til dømes krype under og hoppe over når dei forklarar.
- Den vaksne kan også stille spørsmål om løypa, til dømes; kva står framfor bøtta? Kva kjem etter tauet? Kva for form ha dekket?
Utstyr
Ulike gjenstandar som er litt flate og som barna kan byggje med. Døme kan vere dekk, tau, plankar, kassar, vedkubbar, bøtter, tromler eller møbler.