Hensikt
I aktiviteten Det regnar ballar får barna øve på grunnleggjande ferdigheiter knytt til ball.
Forklaring
- Den vaksne er regnmakar og opnar eit ballnett fylt med små softballar og let ballane regna over barna.
- Barna skal no prøve å samle flest mogleg ballar kvar for seg.
- Når alle ballane er samla opp, er det det barnet som har samla flest ballar som er regnmakar (barnet kan gjerne stå på ein stol).
Tips
- På førehand kan ein lage eit lite avgrensa område til kvart barn, t.d.ein rockering. Det avgrensa området skal fungere som lageret til kvart barn og på den måten blir det lettare å halde orden på kven som har fanga flest ballar.
Variasjon
- Barna kan prøve å samle flest mogleg ballar utan å bruke hendene. Ein kan óg bruke mindre ballar som er vanskelegare å samle (t.d. mjuke tennisballar).
- For å auke intensiteten kan ein plassere «lagera» eit stykke unna der ballane vert slept, slik at barna må springe meir og lenger.
Utstyr
Nett, sekk eller bøtte
Mjuke ballar (gjerne små)