Hensikt
I Heit potet må barna samarbeide om å føre ein ball gjennom rekkja med barn frå ein stad til ein annan. Ein må i tillegg hugse reglar og handle raskt. Etter ein har levert frå seg ballen, må ein raskt forflytte seg for å vere klar for å levere ballen på ny.
Forklaring
Leiken er tilsvarande tunellball, og det er om å gjere å frakte ballen frå ein stad til ein annan (avtala på førehand).
- Barna (t.d. gruppe på fire) ligg på rekkje der beina til det andre barnet er mot hovudet til det fyrste barnet osb.
- Det fyrste barnet i rekkja startar med ein ball mellom føtene, bøyer overkroppen mot ballen, tek den i hendene, løfter den bak hovudet medan det legg seg ned på golvet og gir ballen til neste barn i rekkja. Neste barn tek imot ballen, løfter den bak hovudet medan det legg seg ned på golvet og leverer ballen til neste barn i rekkja osb.
- Når barnet har gitt frå seg ballen, reiser det seg opp, spring bakerst i rekkja og legg seg ned, klar for å ta imot ballen igjen.
Variasjon
- Ein kan variere leiken med at barna skal forflytte seg bak i rekkja på ulike måtar, t.d. krype, gå baklengs eller springe sidelengs.
- Ein litt vanskelegare variant er å levere ballen over hovudet og sette den mellom føtene på neste barn som deretter tek ballen over i hendene og plasserer den mellom føtene på neste osb.
- Ein endå vanskelegare variant er å nytte berre føtene. Her har barnet ballen mellom føtene, fører ballen over hovudet medan det legg seg ned og «leverer» ballen i føtene til neste barn osb.
Utstyr
Ein ball per gruppe