Hermegåsa

Hensikt

Hermegåsa utfordrar barna sin kreativitet ved at barna skal kome på og leie andre barn i ulike øvingar. Øvingane vil samstundes utfordre barna motorisk.

Forklaring

  1. Lag grupper på fire-fem barn.
  2. Barna i kvar gruppe stiller seg på rekkje. Barnet som er fremst leiar rekkja si og bestemmer kva øvingar dei andre barna som står bak i rekkja skal herme etter.
  3. Etter ei lita stund spring det første barnet bakerst i rekkja og det barnet som no er fremst leiar gruppa og skal bestemmer nye øvingar.

Tips

  • Den vaksne må gjerne starte med å leie leiken, så kan barna ta over etter kvart.

Utstyr

Ingen krav til utstyr.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet