Hensikt
I denne leiken arbeider barna med å samanlikne og sortere gjenstandar etter t.d. type, farge eller storleik. Ved å leggje sorteringsstasjonen i ei hinderløype gjer ein aktiviteten meir variert og den utfordrar óg barna sine motoriske ferdigheiter.
Forklaring
- Barna startar på ulik stad i hinderløypa, slik at dei slepp å stå i kø.
- Omlag halvvegs i hinderløypa ligg det erteposar eller andre gjenstandar i ein rockering som skal sorterast.
- Barna skal sortere ein og ein gjenstand, anten på ein bestemt måte (t.d. farge, type, storleik) eller valfri måte ved å springe og leggje dei i ei bøtte eller merka stad.
- Når barna er ferdige med å sortere gjenstandane, fortset dei vidare i hinderløypa.
Tips
- Når ein legg inn ein stasjon midt i hinderløypa blir det ofte kø på stasjonen. Prøv å unngå dette ved å ha fleire parallelle sorteringsstasjonar. Når ein har fleire stasjonar parallelt kan ein lage oppgåver i ulik vanskegrad knytt til sortering, så kan du som vaksen hjelpe barna til å finne ein stasjon som passar for dei.
- Det er lurt å ha parallelle hinder i hinderløypa for å unngå kø. Parallelle hinder gjer óg at ein kan lage hinder av ulik vanskegrad, t.d. balanse på benk der ein kan velje mellom å balansere på benken som står vanleg eller balansere på benken som ligg opp ned.
Utstyr
Ulike gjenstandar ein kan sortere på ulike måtar, t.d. erteposar, leikebilar, sandkasseleiker
Ulike hinder (utstyr eller naturlege hinder)