Hensikt
Eventyr-lotto utfordrar arbeidsminnet til barna ved at dei skal hugse bilete og kople bileta til eventyr dei kjenner. I leiken skal barna óg setje saman to bilete som ikkje er like, men som høyrer til same eventyr.
Forklaring
- Eitt bilete frå kvart eventyr vert lagt rundt omkring på bakken på eit stort område (evt. hengt rundt omkring på uteområdet eller i skogen).
- Den vaksne viser fram det andre bilete og barna skal springe og prøve å finne det bilete som høyrer til det same eventyret.
- Barna tek med bilete tilbake til den vaksne og sjekkar om dei høyrer saman.
Variasjon
- Ein kan organisere leiken forskjellig, anten ved at alle barna leitar etter det same bilete, eller at kvart par/kvart barn leitar etter sitt bilete.
- For å variere leiken kan barna forflytte seg på ulike måtar.
Utstyr
Laminerte bilete frå ulike eventyr; to ulike bilete frå kvart eventyr.