Hensikt
Gjennom aktiviteten øver barna på tala frå 1-10 medan ein er fysisk aktiv.
Forklaring
- Legg tala utover golvet eller på bakken.
- Barna spring rundt på leikeområdet medan det spelast musikk.
- Når musikken stoppar skal barna stoppe.
- Den vaksne ropar eit tal, og barna spring til det talet.
Variasjon
- For å gjere leiken lettare kan ein i tillegg til talet vise mengda på arket (t.d. to prikkar på talet 2).
- Ein kan leggje ut fleire eksemplar av kvart tal, t.d. tre av kvar. Då kan barna springe i ulik retning og barna vi då ikkje berre følgje etter dei andre barna.
- Større barn kan få eit reknestykke når musikken stoppar, t.d. 1+2= 3, då skal dei springe til 3.
- Ein kan byte ut å springe med å t.d. hoppe, hinke, åle.
- Ein kan gjere same leiken med bokstavar, former og fargar.
Utstyr
Laminerte tal frå 1-10 eller evt. kjegler eller anna med tal på.
Musikk