Henteterning

Hensikt

I denne leiken arbeider barna med tal og mengde gjennom at dei skal hente ei viss mengde ulike gjenstandar. Leiken utfordrar óg grunnleggjande motoriske ferdigheiter.

Forklaring

  1. Eitt barn kastar terningen med bilete og eit anna barn kastar terningen med auger.
  2. Barna skal så samarbeide om å samle det som terningane viser, t.d. fem pinnar.
  3. Den vaksne styrer korleis barna skal hente gjenstandane, ved å seie at dei skal springe, hoppe, snurre, krype eller anna.

Utstyr

Ein terning (t.d. pappboks/trekloss) med bilete av gjenstandar eller t.d. naturmateriale
Terning med tal

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet