Hensikt
I aktiviteten Frå lengst til kortast får barna kjennskap til ulike måtar å måle på, medan dei er fysiske aktive. Dei øver på å sortere pinnar etter lengde.
Forklaring
- Barna får beskjed om å finne seg ein pinne. Om ein ynskjer, kan ein presisere om pinnen skal vere lang eller kort.
- Deretter skal barna gå saman og sortere pinnane etter storleik.
- Etter kvart kan dei få beskjed om å sortere pinnane på ein annan måte.
- Dei kan óg leggje pinnane på ulike måtar (ved sida av kvarandre, på lang rekkje).
- Vidare kan dei nytte pinnane til å måle ulike gjenstandar.
Variasjon
- Som ein variasjon kan dei nytte kroppane sine til å sortere etter høgde. T.d. få barna til å stille seg på rekkje frå høgast til lågast. Her må dei måle seg med andre for å finne ut kven som er høgast og lågast.
- Ein kan nytte kroppen sin til å måle om ein er høgare eller lågare, lengre eller kortare enn ulike gjenstandar på uteområdet.
- Som ein variasjon kan ein måle avstand ved å nytte ulike hjelpemiddel, t.d. kroppen, skritt eller eit tau. Kor mange lange skritt er sandkassa? Kor mange korte skritt er sandkassa? Kor mange kroppar må til for å måle kor lang sandkassa er?
- Som ein progresjon til å måle avstand kan barna få eit tau eller anna som er 1 meter. Kan de finne noko på uteområdet som er 1 meter? Kor mange meter er sandkassa? Kor mange meter er det mjuke dekket under huskene?
Utstyr
Pinnar