Hensikt
I denne songleiken knyt barna rørsler til ein song og øver på samarbeid. Aktiviteten kan òg vere av moderat til høg intensitet, i tillegg kan ein øve på grunnleggjande motoriske ferdigheiter.
Forklaring
- Syng songen «Fløy ein liten blåfugl».
- «Fløy ein liten blåfugl gjennom vindauga, gjennom vindauga, gjennom vindauga. Fløy ein liten blåfugl gjennom vindauga ein dag i mai». – Barn og vaksne held kvarandre i hendene medan dei går rundt i sirkel. Eitt barn spring rundt og prøver å smette inn og ut gjennom «vindauga» (mellomrommet mellom to barn/vaksne).
- «Tok seg ein gullklump skipp skipp skare, skipp skipp skare, skipp skipp skare. Tok seg ein gullklump skipp skipp skare ein dag i mai». Den som spring rundt tar eit av barna som står i ringen og dansar med barnet inni ringen, medan dei som står i ringen framleis går rundt i ring.
Variasjon
- Alle kan sitje på golvet i ring, der barnet (blåfuglen) kan krype eller hoppe ut og inn gjennom «vindauga».
Utstyr
Ingen krav til utstyr.