Hensikt
I denne songleiken knyt barna rørsler til ein songtekst og får omgrepstrening.
Forklaring
- Syng songen «Dette er ei tøysevise».
- «Dette er ei tøysevise, tøysevise, tøysevise, dette er ei tøysevise og alle kan vere med». Barn og vaksne held kvarandre i hendene medan dei går rundt og syng. Den vaksne spør: «Har me halde i hendene?» Barna svarar «Ja!».
- Neste gong ein går rundt kan ein t.d. halde på hovudet. Den vaksne spør: «Har me halde i hendene?» «Ja!» «Har me halde på hovudet?» «Ja!»
- Den vaksne spør så: «Har me halde på magen?» Barna svarar då «Nei!». Så held ein på magen og fortset songleiken.
Variasjon
- Ein kan holda på ulike kroppsdelar, t.d. skuldrene, øyrene, ryggen, albogane, rumpa, låra, knea, tærne.
Utstyr
Ingen krav til utstyr.