Hensikt
I denne leiken vil barna få erfaring med samanhengen mellom helling, friksjon og hastigheit. Barna får også utfordre ulike grovmotoriske ferdigheiter.
Forklaring
- Set benkar opp i ribbeveggen i ulik høgde slik at benkane får ulik helling.
- Utfordre barna til å klatre opp og skli ned på benkane. Utfordre barna til å skli på ulike måtar.
- Sett òg ein benk på golvet slik at barna kan samanlikne.
Tips
Snakk gjerne med barna om korleis ein kan oppnå ulik hastigheit. Korleis kan ein skli når det skal gå fort? Korleis kan ein skli når det skal gå seint? Kvifor er det slik?
Utstyr
Ribbevegg
Benk