Hensikt
I denne leiken blir barna kjend med ulike geometriske formar, samstundes som dei er i rørsle.
Forklaring
- Legg dei utklipte formane på golvet i den eine enden av leikeområdet.
- Samle barna på den andre sida.
- Deretter får barna i oppgåve å hente seg ei og ei form for å lage eit bilete (t.d. ein buss -kva former treng barna å hente for å byggje ein buss?).
Tips
- Den vaksne kan styre kva barna skal byggje, eller barna kan få friare oppgåver der dei er kreative og etterpå skal forklare kva dei har bygd.
Variasjon
- Ein måte å variere leiken på er om barna arbeider åleine, i par eller i små grupper.
- For å gjere leiken meir motorisk utfordrande, kan ein kan leggje inn ei hinderløype som barna spring gjennom for å hente formane.
Utstyr
Fleire utklipte formar i ulik storleik (ein må ha fleire av same form)