Hensikt
I denne leiken får barna øve seg på å ta imot og sende ein ball på ulike måtar. Barna må samarbeide om å frakte ballar frå eit område til eit anna.
Forklaring
- Legg like mange rockeringar på ei rekkje på golvet som det er barn.
- I den eine enden av rockeringane står det ein kasse med ballar og i den andre ender står det ein tom kasse.
- Barna skal frakte ballane frå den fulle til den tomme kassa.
- Barna må stå i rockeringen sin og ta i mot og sende ballen vidare.
Variasjon
- For å gjere aktiviteten meir utfordrande kan barna stå på ein benk medan dei sender ballane mellom seg.
- Barna kan òg få beskjed om å sende ballen vidare på ulike måtar. Til dømes ved å ta imot og sende vidare over hovudet, mellom beina, evt. anna kvart barn over hovudet og mellom beina.
- Ein annan måte å gjere aktiviteten meir utfordrande på er å auke avstanden mellom barna, då må dei strekke seg, evt. kaste ballen framover.
- Ein kan variere type ball eller gjenstandar som ein fraktar mellom barna.
- Som ein uteaktivitet om vinteren kan barna frakte snøballar mellom seg.
- Ved å lage to parallelle rekkjer kan ein lage aktiviteten om til ein konkurranse. Kven får alle ballane over i kassen fyrst?
Utstyr
Ballar
2 kassar
Rockeringar