Følgje tauet

Hensikt

I denne aktiviteten får barna utfordra sine motoriske ferdigheiter, konsentrasjon og arbeidsminne gjennom at dei skal hugse ulik informasjon medan dei følgjer eit tau i ulendt terreng.

Forklaring

  1. Spenn opp eit langt tau mellom to tre. Underlaget må gjerne vere litt ujamt slik at det blir utfordrande. Tauet kan t.d. gå over ein stubbe og under ei grein.
  2. Heng opp ulike gjenstandar på tauet med klesklyper/ eller i posar. Dømer kan vere kongle, vott, lue, kosedyr mm.
  3. Barna skal no følgje tauet utan å sjå. Barna skal kjenne på gjenstandane som heng på tauet og hugse på alle gjenstandane dei har passert.
  4. Når barna kjem til endes på tauet, fortel dei til den vaksne kva for gjenstandar dei kjende seg fram til undervegs.

Variasjon

  • Denne aktiviteten kan koplast til tema som ein arbeider med i perioden ein er inne i ved å henge opp gjenstandar som passer til tema.
  • Ein kan også nytte aktiviteten i språktrening ved å velje ut gjenstandar evt. bilete (om ein er utan bind for augene) med ord som ein ynskjer å øve på.

Utstyr

Tau
Klesklyper
Ulike gjenstandar til å henge på tauet

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet