Hensikt
I denne leiken skal barna prøve å balansere ei potet på ei skei medan ein forflyttar seg framover så fort ein kan utan å miste poteta.
Forklaring
- Del barna inn i grupper på tre eller fire.
- Fyrstemann i rekkja startar med skeia der poteta ligg oppi. Dette barnet går/spring så fort han/ho kan til det markerte området, vender og går/spring attende til gruppa si. Det er sjølvsagt ikkje lov å halde på poteta si.
- Fyrstemann overleverer no skeia med poteta til nestemann. Slik fortset leiken til alle har fullført.
- Dersom eit barn mister poteta, kan barnet plukke opp poteta og fortsetje løpet.
Variasjon
- Ein organisere leiken som ei øving eller stafett.
- Viss ein ynskjer å gjere leiken litt vanskelegare, kan ein bli einige om at dersom ein mister poteta si, må ein starte heilt på nytt.
- Ein kan også gjere aktiviteten meir utfordrande ved å legge inn hinder i bana.
Utstyr
Skeier (evt. spader)
Poteter (evt. små ballar)
Eventuelt kjegler