Hensikt
I denne leiken får barna motoriske utfordringar og er i aktivitet med moderat og høg intensitet, samstundes som dei lærar grunnleggjande reglar i trafikken.
Forklaring
- Lag til ei trafikkløype som barna kan vere trafikantar i. Utforminga av løypa kan fokusere på å springe med høg intensitet, eller ein kan leggje til hinder som utfordrar motoriske ferdigheiter. Bruk gjerne uteområdet i barnehagen, der t.d. sykkelløypa, sandkassekanten, grasbakken eller andre element er del av løypa.
- Barna kan anten springe med eller utan ratt.
- Legg til hinder med skilt som ein ynskjer barna skal læra. T.d. marker gangfelt der bilane/bussane må stoppe, kjegler som viser kvar løypa går osb.
Tips
- Barna kan også køyre buss, der enkelte av barna er bussar ved å ha ein rockering rundt livet sitt. Passasjerane venter på buss-stoppa og hopper på bussen ved å halde i rockeringen. Her må barna samarbeide gjennom løypa.
- Barna må også gjerne oppfordrast til å vere ulike typar køyretøy og dei må gjerne lage lyd.
Variasjon
- Ta barna med på å utvikle/vidareutvikle trafikkløypa, dei har mange gode idéar.
Utstyr
Rockeringar/motorikkskiver eller anna som kan vere ratt
Trafikkskilt
Hindringar (t.d. kjegler, benker, fast utstyr på uteområdet i barnehagen)