Hensikt
Leiken utfordrar arbeidsminnet til barna ved at dei må hugse kva for rørsle som er knytt til ulike beskjedar (1,2,3). Barna blir óg utfordra på å reagere raskt på ein beskjed. Ein kan gjere leiken ekstra utfordrande ved å endre på reglane undervegs.
Forklaring
- Barna står på ei linje eller i ein ring.
- Den vaksne fortel at ulike tal har ulike reglar. Til dømes: 1 = hopp framover, 2 = hopp bakover og 3 = stå i ro.
- Når alle barna har forstått reglane ropar den vaksne 1, 2 eller 3, og barna gjer det som beskjeden svarar til (1 = hopp framover, 2 = hopp bakover og 3 = stå i ro).
Variasjon
- Ein kan byte rørsler, t.d. kan 1 = leggje seg ned, 2 = hopp opp, medan 3 = stå i ro.
- Ein kan behalde dei same rørslene, men la t.d. 1 = hopp bakover, 2 = stå i ro og 3 = hopp framover.
- Ein annan variant kan vere at tala er knytt til kvar sin stad. Til dømes: 1 = spring til den eine kortveggen eller eit bestemt tre, 2 = spring til motsett side eller eit anna tre. Ein kan ha så mange reglar som ein vil.
- Ein kan nytte ulike signal i staden for å rope 1, 2, 3. Til dømes ulike tal klapp.
Utstyr
Ingen krav til utstyr.