1, 2, 3 – No kjem ein beskjed!

Hensikt

Leiken utfordrar arbeidsminnet til barna ved at dei må hugse kva for rørsle som er knytt til ulike beskjedar (1,2,3). Barna blir óg utfordra på å reagere raskt på ein beskjed. Ein kan gjere leiken ekstra utfordrande ved å endre på reglane undervegs.

Forklaring

  1. Barna står på ei linje eller i ein ring.
  2. Den vaksne fortel at ulike tal har ulike reglar. Til dømes: 1 = hopp framover, 2 = hopp bakover og 3 = stå i ro.
  3. Når alle barna har forstått reglane ropar den vaksne 1, 2 eller 3, og barna gjer det som beskjeden svarar til (1 = hopp framover, 2 = hopp bakover og 3 = stå i ro).

Variasjon

  • Ein kan byte rørsler, t.d. kan 1 = leggje seg ned, 2 = hopp opp, medan 3 = stå i ro.
  • Ein kan behalde dei same rørslene, men la t.d. 1 = hopp bakover, 2 = stå i ro og 3 = hopp framover.
  • Ein annan variant kan vere at tala er knytt til kvar sin stad. Til dømes: 1 = spring til den eine kortveggen eller eit bestemt tre, 2 = spring til motsett side eller eit anna tre. Ein kan ha så mange reglar som ein vil.
  • Ein kan nytte ulike signal i staden for å rope 1, 2, 3. Til dømes ulike tal klapp.

Utstyr

Ingen krav til utstyr.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet