10 måtar å krysse området

Hensikt

I denne leiken utfordrar ein barna sin kreativitet ved at dei skal forflytte seg over eit område på ulik måte kvar gong. Barna må óg hugse korleis dei har forflytta seg før. Leiken er ei open utprøving (ingenting som er rett eller galt) av ulike motoriske ferdigheiter knytt til forflytning.

Forklaring

  1. Barna står på den eine sida av leikeområdet.
  2. Barna skal så krysse området ti gonger, der dei nytter ulik rørsleform kvar gong. Barna bestemmer sjølv korleis dei forflyttar seg over området og kan sjølvsagt stele idear frå kvarandre.

Tips

  • La gjerne barna sjølv telje kor mange gongar dei krysser området.
  • Verdset kreative løysingar av oppgåva ved å gje positiv tilbakemelding til barna.

Variasjon

  • Ein kan variere leike ved å leike den i par, der barna hermar etter kvarandre. Bytt «leiar» for kvar runde dei kryssar området.
  • La to og to barn «henge saman» med forskjellige kroppsdelar (t.d. hender, skuldre, kne) og utfordre dei på å krysse området på forskjellige måtar medan dei «heng saman».
  • Legg til at dei skal frakte småutstyr på ulike måtar, t.d. ertepose, rockering, ball.

Utstyr

Ingen krav til utstyr (evt. småutstyr som skal fraktast over området).

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet