Hensikt
I denne leiken er barna aktive i moderat til høg intensitet ved at dei skal frakte vatn frå ein stad til ein annan så raskt som råd. Barna skal samarbeide om å fylle eit kar med vatn.
Forklaring
- Alle barna får utdelt ei djup spade, sandkasseform eller anna som dei skal frakte vatn med.
- I den eine enden av leikeområdet er det tilgang på vatn, t.d. eit kar med vatn eller ein pytt. I den andre enden er det eit tomt kar eller bøtte (storleiken på karet som skal fyllast må tilpassast reiskapen ein fyller med).
- Barna fyller reiskapen sin med vatn og prøver å frakte så mykje vatn som mogleg over til karet dei skal fylle.
- Barna spring tilbake for å hente meir vatn.
- Den vaksne kan gjerne ta tida på kor lang tid barna brukar på å fylle karet.
Tips
- Barna kan t.d. prøve å fylle eit litermål med vatn og sjå kor lang tid dei treng på å samle ein halv liter og/eller ein liter.
- Barna blir våte, så denne leiken høver best ein dag med regn når barna har regntøy eller ein varm sommardag.
Variasjon
- Ein kan gjere leiken om til ein konkurranse, der kvart lag kjempar om å fylle karet fyrst.
Utstyr
Tomt kar/bøtte el.
Spader eller sandkasseformer t.d.
Kar med vatn eller ein stor pytt