Å fylle eit kar med vatn

Hensikt

I denne leiken er barna aktive i moderat til høg intensitet ved at dei skal frakte vatn frå ein stad til ein annan så raskt som råd. Barna skal samarbeide om å fylle eit kar med vatn.

Forklaring

  1. Alle barna får utdelt ei djup spade, sandkasseform eller anna som dei skal frakte vatn med.
  2. I den eine enden av leikeområdet er det tilgang på vatn, t.d. eit kar med vatn eller ein pytt. I den andre enden er det eit tomt kar eller bøtte (storleiken på karet som skal fyllast må tilpassast reiskapen ein fyller med).
  3. Barna fyller reiskapen sin med vatn og prøver å frakte så mykje vatn som mogleg over til karet dei skal fylle.
  4. Barna spring tilbake for å hente meir vatn.
  5. Den vaksne kan gjerne ta tida på kor lang tid barna brukar på å fylle karet.

Tips

  • Barna kan t.d. prøve å fylle eit litermål med vatn og sjå kor lang tid dei treng på å samle ein halv liter og/eller ein liter.
  • Barna blir våte, så denne leiken høver best ein dag med regn når barna har regntøy eller ein varm sommardag.

Variasjon

  • Ein kan gjere leiken om til ein konkurranse, der kvart lag kjempar om å fylle karet fyrst.

Utstyr

Tomt kar/bøtte el.
Spader eller sandkasseformer t.d.
Kar med vatn eller ein stor pytt

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet