Å krysse bruer

Hensikt

Gjennom denne leiken blir barna utfordra på å vere kreative ved at dei må krysse bruene på ulik måte kvar gong. Dei må óg hugse korleis dei har kryssa bruene tidlegare. Leiken utfordrar samstundes barna sin motoriske kompetanse ved at dei må bruke kroppen på ulik måte for å løyse oppgåva.

Forklaring

  1. Markér bruer på tre-fem meter på golvet eller i terrenget. Det kan vere linjer på golvet som er avgrensa med kjegler, hoppetau eller benker.
  2. Barna skal krysse alle dei ulike bruene på ulike måtar, der kvar bru kryssast på ein ny måte.

Tips

  • Dømer på måtar å krysse bruene på er å gå framlengs eller baklengs, krype, gå sidelengs, hoppe eller hinke.
  • Fortel gjerne ei historie undervegs for å gjera leiken ekstra spennande. Ein kan til dømes leike at golvet er vatn, og at det er krokodiller i vatnet.
  • Det er viktig at den vaksne oppmuntrar barna til å vere kreative i korleis dei kjem seg over bruene og gjev positiv tilbakemelding undervegs.

Variasjon

  • Leiken kan varierast med å leike i par, der barna hermar etter kvarandre (byter roller etter kvart).
  • Bruene kan vere laga med ulikt utstyr som gjev forskjellige utfordringar.
  • Bruk av ulike element i terrenget gjev god variasjon og ulike utfordringar.

Utstyr

Ulikt utstyr som kan vere bruer t.d. hoppetau, kjegler, matter, benker, motorikkskiver, eller element i terrenget (steinar, stokkar, pinnar).

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet