Alle mine barn kom heim!

Hensikt

I denne aktiviteten blir barna utfordra i grunnleggjande grovmotoriske ferdigheiter knytt til forflytning. Barna får sjølv vere med å bestemme kva for rørslemåtar som skal nyttast.

Forklaring

  1. Barna står på den eine sida av eit avgrensa område og skal over til mor/far.
  2. Mor/far roper: «Alle mine barn kom heim!»
  3. Barna svarar: «Korleis?»
  4. Mor/far svarar ei rørsle dei skal gjere mens dei går over. T.d. «hopp», «gå baklengs», «hink», «snurr rundt», «kryp», eller t.d. herme eit dyr: «som ein elefant», «som ein frosk»…

Tips

  • Ved at barna ikkje skal bli fanga når dei forflyttar seg over leikeområdet, har dei høve til å konsentrere seg om rørslemønsteret og gjere dette med betre kvalitet.
  • Ein vaksen kan tipse om rørslemønster som ein ynskjer at barna skal utfordre i leiken, tenk gjerne god variasjon i korleis ein forflyttar seg, der ein ikkje alltid treng å vere på to bein (t.d. rulle som stokkar, krype, osb.).

Variasjon

  • Ein variasjon av leiken er «Alle mine kyllingar kom heim»/ «Hauk og due», der reven/hauken på leikeområdet skal prøve å fange kyllingane/duene når dei forflyttr seg over til den andre sida.

Utstyr

Ingen krav til utstyr.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet