Alle mine kyllingar kom heim!

Hensikt

Alle mine kyllingar kom heim er ein fangeleik som gjev høg intensitet når kyllingane skal prøve å unngå å bli fanga av reven.

Forklaring

  1. Lag til eit leikeområde. I den eine enden står alle kyllingane, og i den andre står hønemor. Reven står på langsida, midt mellom kyllingane og hønemor.
  2. Leiken startar ved at hønemor ropar: «Alle mine kyllingar kom heim!»
  3. Kyllingane ropar: «Me tør ikkje!»
  4. Hønemor: «Kvifor ikkje?»
  5. Kyllingane: «For reven skal ta oss»
  6. Hønemor: «Kom likevel»
  7. Så spring kyllingane så raskt dei kan over til hønemor. Reven stormar inn på leikeområdet og prøver å fange så mange kyllingar som mogleg.
  8. Dei som blir fanga blir no til revar.
  9. Hønemor spring over på andre sida, og ropar på kyllingane igjen.
  10. Når alle er tatt, blir kyllingen som vart fanga først til rev, og kyllingen som vart fanga sist, blir til hønemor.

Utstyr

Ingen krav til utstyr.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet