Hensikt
Ved å øve på å gå over stokkar, steinar, berg, osb., vil barna utfordre dei motoriske ferdigheitene knytt til balanse.
Forklaring
- Finn høveleg turmål eller evt. naturområdet på uteområdet i barnehagen.
- Bruk naturen og legg inn øvingar for balanse, der ein balanserer på stokkar, stubbar, steinar og berg.
Variasjon
- Utfordre barna på å telje kor mange steinar dei greier å balansere på.
- Utfordre gjerne barna på å balansere på ulike måtar over stokken; t.d. greier ein å setje hælen på den eine foten inntil tærne på den andre? Greier ein å gå sidelengs? Greier ein å gå baklengs? Greier ein å setje seg på huk å reise seg opp igjen?
- Ein kan leike at bakken er lava, der barna berre skal trø på t.d. steinar og ikkje vere i bakken for den er lava og veldig varm…
Utstyr
Ingen krav til utstyr.